
Alvidra Orientering
Informasjon om orienteringsgruppa
Orienteringsgruppa i Alvidra er med å arrangere Nordhordlandskarusellen. Det er omlag 8 løp som vert arrangert annan kvar måndag frå april – september.
Me har låg terskel på løpa slik at alle kan delta. Det er nybyrjarløyper der ein av og til kan gå med barnevogn og ei litt lengre løpe på eit par kilometer. I tillegg har me ei «langløype» på ca. 4 kilometer for dei som vil ha litt meir utfordringar.
Medlemmar i idrettslaget deltek gratis på dei løpa som Alvidra arrangerer. For meir info og terminliste: https://www.facebook.com/nordhordlandorientering
Alvidra har fleire orienteringskart i området. Siste tilskudd er heilt nytt kart over Tveitavarden laga i 2021. Det pågår også arbeid med å laga kart over bustadområda frå Tveiten til Ikenberget.